12/21/13

Mini-hus

Er ikkje desse berre skikkeleg søte?
Eg laga ein heilt enkel mal i papp, og skar ut delene til desse mini-peperkakehusa
av tynn deig med ein skarp kniv. Det beste er å bruka melis til å lima dei med,
knekk synest så godt på så små hus.
Perfekte til kaffien eller kakaoen.







12/10/13

Knask til kaffien: Biscotti



Biscotti er tørre italienske kjeks som passar ypparleg til å dyppa i kaffien.
Eg har funne ei veldig enkel oppskrift, og då går det kjapt å laga dei.
Desse er fine å gi vekk i gåve også!

Du treng:
200 g mandlar, snitta eller grovt hakka
3 eggeplommer
250 g sukker
3 ss vaniljesukker
3 eggekviter
1 klype salt
finrive skal av 1- 1 1/2 sitron
400 g kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver

Rist mandlar forsiktig i ei steikepanne. Finn fram ein vid bolle og rør saman eggeplommer, sukker og vaniljesukker med ein handmiksar til den blir krema. Visp eggekvitene stive med ei klype salt. Vend forsiktig eggekvitene inn i eggekremen, litt og litt om gongen. Tilsett mandlar og rive sitronskal, og rør så forsiktig inn sikta kveitemjøl og bakepulver. Du skal no ha ein ganske fast deig.
Del deigen i tre emne som du ruller til tjukke pølser som nesten er like lang som steikebrettet ditt er breitt. Legg pølsene på eit bakepapirkledd steikebrett. Form emna slik at dei blir ca 2 cm høge og 6 cm breie.  Steik biscottipølsene ved ca 175 grader i ca 30-35 minutt, eller til dei er passe steikt. Ta dei umiddelbart på eit skjerebrett og skjer ca 1 1/2-2 cm breie skiver, på skrå.
La biscottiane avkjølast på ei rist.

Vel bekomme!



DIY: Lyslykter av is

Då snøen kom førre veke og det blei skikkeleg kaldt bestemte eg meg for å laga lyslykter av is.

Slik gjer du det:
Fyll ballongar med vatn frå springen, og set dei ute over ei natt og to så dei frys. Vatnet frys først ytst mot ballongen, og det blir holrom der vatnet er i midten. Klypp hol på ballongen, hakk hol i isen visst du må, og hell ut vatnet. Set eit telys inni og voilá! Fine, stemningsfulle lyslykter i vintermørkret.






12/7/13

Julepynta hus

Det er stas å ta fram julepynten, synest eg. Noko har eg gledd meg til å sjå igjen, andre ting hadde eg gløymt at eg hadde. Det gjævaste må vera den gamle julepynten eg har arva frå besto, og noko har eg også fått av søskenbarnet mitt - ho fann den i det gamle huset ho kjøpte, og gav den til meg. Eg blei overlukkeleg! Slikt finn du ikkje i butikken lengre... 

I år ser adventsstaken slik ut; lysestake frå House Doctor fylt med gamal julepynt.
Nokon trudde det var snop, så fin er den.




Amaryllisen veks veldig fort, artig! Den er jo også ganske "julete".


Girlander av peparkakehjarte


Tova hjarte i vindauga


Den retro jule-uroen eg kjøpte på loppis er så skjønn:



Tre små peparkakehus eg skal gi vekk til nokon eg er glad i:
(pappkorgene er frå Green Gate)






Har du pynta til jul?


12/1/13

Lekker gåveinnpakning

I år har eg planar om å gjera meg litt ekstra flid når eg pakkar inn julegåver,
ofte er det ikkje mykje som skal til!
Eg finn så mykje fint på Pinterest, og har til og med eit eige "board" der eg har samla mange idear om både innpakning, gåveidear du kan laga sjølv, og kort.
Det finn du her, og under deler eg nokre av ideane eg synest er fine. 
Kva innpakning likte du best?














11/26/13

Heimelaga peparkakehus

For første gong har eg laga eit peparkakehus frå "botnen"!
Eller, det vil seia, deigen var kjøpedeig frå Rimi, og ikkje var den særleg god heller :p Den blåste seg veldig opp i omnen, og derfor blei husdelane skeive. MEN eg har i alle fall laga veggjer og tak til huset sjølv, montert dei (med hjelp av mannen) med smelta sukker og dekorert dei.
Sjølve dekoren er inspirert av Den gode feen, ho lagar heilt nydelege peparkakehus!
Ho har også skrive innlegg om korleis du kan laga mal til eige hus.
Eg pynta husdelene og lét dei tørka før eg monterte huset.
Noko eg gløymte: Vindauge. Pytt sann. Eg laga dei av melisglasur i staden ;)

Noko skakt, og glasuren blei etter ei stund litt misfarga av knekken som held huset saman, men alt i alt er eg veldig nøgd. Neste prosjekt er å laga hus i mindre skala.

Kva synest du om huset mitt?




 






For the first time I made a gingerbread house from scratch (except the dough was store bought)!
Love this way of decorating it, inspired by this blog. What do you think?

11/24/13

Helgefrukost: Grove og sunne pannekaker

Stikk innom for å dela ei oppskrift med dykk! Desse pannekakene er veldig gode og mettande, og så er det berre 312 kaloriar per porsjon (ca tre pannekaker) utan tilbehør. Eg plar å ha litt syltetøy og vaniljekesam til :) Dei fungerer sjølvsagt like godt til alle måltid, ikkje berre som frukost.
Her er oppskrifta:
1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl sammalt kveite
3 egg
5 dl ekstra lett mjølk
1 ts salt
1 ss matolje i røra
1 ss matolje til steiking

La røra svelle i ca. 30 min før du steiker pannekakene gylne.
Vel bekomme!




11/20/13

Nye godbitar frå Zanz

I går kom pakken eg har venta på, med to nye "statement pieces" til heimen. Eg fekk vita om nettbutikken Zanz då eg var innom NIB her om dagen, og då eg klikka meg inn fann eg sååå mykje fint. Lysestaken frå House Doctor minnar om Kubus frå By Lassen, men denne eg har bestilt har glasruter som gjer det mogleg å fylla lysestaken med det du måtte ønskja, og så er prisen mykje meir overkommeleg ;) Betongvasen er også frå House Doctor, og sjølv om den er større enn eg trudde og meir bronsefarga enn gull, så elskar eg kontrasten mellom betong og metall!
Likte du kjøpa mine? :)