4/22/13

TEST: Depend Gellack


Til bursdagen ønskte eg meg Depend Gellack startkit, og var så heldig å få det :) No har eg testa det nokre gonger, og eg synest det er heilt genialt! Når du er litt sånn "neglelakk-junkie" som meg, så blir du også perfeksjonist. Lakken må vera heilt glatt, ikkje koma utanfor og så vidare. Eg får også panikk når neglelakken byrjar å flassa, og nettopp derfor er Gellack så bra! Den varar i minst to veker, og er like fin heile vegen. I startkit'et til Depend, som eg trur kostar rundt 500 kroner på Cubus, får du med ei lita UV-lampe, før/etter-rens, baselakk og topplakk. Sjølve lakken med farge må du kjøpa utanom. Det er veldig lett å bruka viss du følgjer bruksanvisninga! Slik fungerer det: Du startar med å reingjera neglene med ein bomullsdott fukta med før/etter-rensen. Så legg du eitt lag baselakk, to lag med den farga lakken, og avsluttar med eit lag med topplakk. Du må herda for kvart lag med lakk ved å ha neglene under UV-lampa i 30 sekund. Til slutt reinsar du med før/etter-lakken igjen, og du er ferdig. Det tek litt lenger tid å leggja denne typen lakk, men samtidig slepp du å venta til den tørkar og er ready-to-go med ein gong! I love <3 Har du testa Depend sin Gellack, eller anna shellac?

I got Depend Gellack startkit for my birthday, and I love it! The nail polish lasts for about two weeks because you harden it under a UV-lamp, and it is genius! Have you tested the "shellac"-polish?