6/27/13

New York, New York!

New York var som eg hadde forventa, berre myyykje betre! Hit skal eg tilbake, og helst så snart som mogleg. Ein skikkeleg STORby, med uendeleg høge skyskraparar, heftig trafikk og tusenvis av menneske, lydar og lys. Men har du tid byr den også på veldig mange koselege område, parkar og restaurantar. Her anbefalar eg verkeleg å ta ein sightseeing-buss. Vi gjorde ikkje det, men til gjengjeld tok vi Sex & the City-touren. For meg og venninda mi Hege var det heilt topp fordi vi begge elskar serien, men og fordi vi fekk sjå mange fine plassar vi elles ikkje hadde fått sett. Guiden var veldig flink, og vi fekk sjå filmklipp frå serien undervegs. Etterpå er New York Public Library vel verdt eit besøk, der scena når Carrie oppdagar at Big ikkje kjem til bryllupet likevel er filma. Nydeleg gammal bygning!

Dette meiner eg du MÅ gjera medan du er i byen (passar best for vaksne):
- Eta på trendy The Spotted Pig! Sjarmerande og rar liten restaurant med nydeleg mat, spesielt hamburgeren der!
- Ta turen opp på The Plaza på Rockefeller Center for å sjå ei utsikt som tek pusten frå deg.
- Bestilla billettar til ein stand-up kveld på Comic Strip Live. Eg har aldri ledd så mykje i mitt liv!
- Bestilla bord og eta lunsj på The Boathouse i Central Park. Der er det nydeleg, men vi fekk dessverre ikkje ete der på grunn av at det var fullt.
- Shopping: Stikk innom varehuset Century 21. Der finn du designervarer til rimelige prisar.



Nydeleg utsikt frå Top of the Rock (Rockefeller center)!

Det blei mykje shopping. På Century 21 kjøpte eg ei veske frå Badgley Mischka til veldig redusert pris, den sølvfarga er frå Zara. Forever 21 hadde også mykje fint, minna meg om Topshop!







På Sex & the City-touren blei det sjølvsagt Cosmopolitans og cupcakes!



Vakre Bryant Park der dei heldt Fashion Week tidlegare

Nydelige New York Public Library:Eg har aldri ledd så mykje som då vi var på Comic Strip Live! Alle stand-up-artistane var veldig flinke


6/20/13

It's a boy

Onsdag laga vi til baby shower for finaste Anne Mari. Som du sikkert skjønar på fargetemaet har ho ein prins i magen, vi gler oss sånn til han kjem! På denne sida finn du ein del kjekke tips for deg som skal laga til baby shower. Deler eit lite bildedryss her.







6/16/13

Herleg bytur

Hei alle :) Eg har hatt ei herleg helg! Fredag var vi på revy med jobben, og laurdag reiste eg og kjærasten til Bergen. Hotellet vi budde på var skikkeleg stilig, Det Hanseatiske Hotell, med trebjelkar i taket. Etter å ha shoppa litt åt vi middag på Matbørsen, sushien der var god :) På kvelden var vi på Bergenfest, billettane fekk eg til bursdagen av mamma og brørne mine. Vi såg Lissie, Susanne Sundfør og mitt favorittband Mew. Det heile var magisk!
Håpar de også har hatt ei flott helg :)















6/7/13

Snart USA

Tenk - om berre to veker skal vi på ein heilt fantastisk uforgløymeleg tur! 23. Juni set vi oss på flyet til USA der vi skal vera i tre veker. Turen startar i New York, held fram i San Francisco, så køyrer vi til Los Angeles, tek buss til Las Vegas og avsluttar i Miami. Herregud eg gler meg heilt vilt! Vi har lagt ein del planar om stader vi vil oppleva, men eg er veldig på jakt etter tips!

Kva ville du gjort i desse byane? Har du vore i USA før?

I can't believe it - in only two weeks we're visiting USA for three weeks! We're going to NY, San Francisco, LA, Las Vegas and Miami, and I think we'll have the time of our lives! Do you have any travel tips for us, places we should see while we're there? I'd be super grateful for tips :)