7/20/13

Miami ♥

Dei siste dagane våre i USA fekk vi i Miami. Ein herleg by som eg skulle ønskja vi kunne vore lengre i! Hotellet vårt der var vel det flottaste av alle vi har budd på: Mondrian South Beach. Det kan eg varmt anbefala, og sjansen er stor for at du får sjå kjendisar. Den norske musikkvideoregissøren Ray Kay budde der samtidig som oss, og tidlegare gjester er til dømes Naomi Campbell, Jade Jagger, Ed Westwick og Audrina Patridge. Bassengområdet er nydeleg og har utsikt mot sjøen og skylinen der, og interiøret på romma og i lobbyen er knallstilig.

Vi likte spesielt godt stranda og Ocean Drive som ligg ovanfor. Her ligg gamle, pastellfarga hotell og uterestaurantar på rekkje og rad. Kjøper du Margarita får du den i eit gigantisk glas, og det er herleg å sitja å sjå på alle dei spennande folka som går forbi. Utelivet i Miami skal vera veldig bra, men vi rakk berre å testa ut LIV. Der kjøpte vi bord med "bottle service". Det var dyrt, men for oss var det veldig greit å ha sitjeplassar, og så er jo drikke og cover charge inkludert.
Lincoln Road er også verdt å sjekka ut. Gata er som eit slags utandørs kjøpesenter med butikkar og koselege restaurantar.
















No comments:

Post a Comment