7/19/13

Viva Las Vegas!

Dei seier "What happens in Vegas, stays in Vegas". Eg er ikkje heilt samd i det, for med dagens teknologi hamnar nesten alt på Facebook, Twitter, Instagram, Snapchat og/eller blogg, hehe. Vi hadde det i alle fall skikkeleg moro i denne crazy byen! Vi budde på Golden Nugget Hotel & Casino, eit litt eldre men veldig koseleg hotell. Det sjuke er at alle hotella i Las Vegas er som gigantiske shoppingsenter, med kasino, butikkar, restaurantar, basseng osb., derfor treng du ikkje gå utanfor "døra". Det var eg glad for, for temperaturen låg på rundt 50 grader då vi var der! Nesten uuthaldeleg å liggja på solsenga den eine dagen vi prøvde!
I Vegas var vi på to skikkeleg kule uteplassar, nemleg Tryst og Hakkasan. Begge ligg på The Strip. På Hakkasan speler kjente DJ'ar heile tida, vi fekk oppleva både Deadmau5 og DJ Tiestö. Sjukt bra stemning! For å komma inn bør ein møta opp tidleg og kle seg fint. Som regel er det cover charge på 20-30 dollar for damer, og opp mot det dobbelte for menn. Likestilling sa du? Nope.
Ein middag i toppen av The Stratosphere heile 350 meter over bakken er obligatorisk. Nydeleg mat og ei fantastisk utsikt over heile byen. Også artig å sjå den "dansande" fontena ved Bellagio-hotellet.






 Utsikta frå The Stratosphere! Nede til høgre ser du skuggen av tårnet





1 comment: