9/26/13

Black, white n' gold

T-skjorte - Kappahl
Bukse - Cubus
Veske - kjøpt i USA
Boots - Shoeday
Ringar - H&M


9/22/13

New look

Endeleg har eg gjort det eg har snakka om så lenge, nemleg å klyppa av det lange håret mitt. Ikkje super-kort, det turde eg ikkje, men ein slags lang bob. Eg blei veldig nøgd! Deilig å ikkje bruka tusen år på å greia ut floker eller å tørka det etter dusjing ;) Kva synest du, kledde eg den nye "looken"?

I finally did it, cut my long hair. I chose a long bob (ish), and I'm very happy with the result.
What do you guys think?


Before:

And now:




9/14/13

DIY salongbord

Så enkelt kan det gjerast! Eg kjøpte bordet med fire stolar "brukt" for 300 kroner. Så pussa vi (kjærasten er kjekk og hjelper meg) dei ned, både med pussemaskin og for hand med sandpapir, før stolar og bordbein/ramme fekk to strøk kvitmaling. Bordplata fekk tre strøk beis i fargen "patinagrå", før den blei festa til ramme og bein då alt var tørt. Til slutt saga vi av beina slik at bordet fekk rette salongbord-storleiken. Enkelt, men litt tidkrevande! Perfekt helgeprosjekt :)

I bought this table for almost nothing, rubbed it down and painted it. So easy, but a bit time consuming. I also cut off the legs to make it the right height for a tv-table. You like?





9/8/13

Vakre Bondhusbreen

I dag har eg og min kjære vore på ein fantastisk tur. Vi køyrde inn til Sundal der vi parkerte bilen, og gjekk opp til Bondhusvatnet. Derfrå gjekk vi mot Bondhusbreen, ein arm av Folgefonna som kjem ned i Bondhusdalen. Brearmen har trekt seg mykje tilbake dei siste åra, og det er eit godt stykke opp til isen. Men då vi kom bort til den bratte fjellsida fekk eg så veldig lyst til å koma så tett opp til den magiske blå isensom mogleg, og fekk lokka mannen med. Det blei mykje tung klatring, men endeleg kom vi opp og over ein knaus. Synet av breen var heilt nydeleg, det same var utsikta ned mot dalen. Vi sat der ei lita stund, tok mange bilde, og så klatra vi ned igjen. Men det tok si tid. Det var stupbratt, og faktisk litt skummelt einskilde parti. Men det var verdt det! Deler nokre bilder frå turen her.

Today me and my boyfriend took a beautiful hike through Bondhusdalen and up to the glacier "arm" of Folgefonna that comes down this valley - Bondhusbreen. Sooo beautiful! If you are ever in Norway you should visit Kvinnherad and this place :)






9/3/13

Den perfekte haustlakken?

I alle fall ein god kandidat! Eg bestilte "OPI Muir Muir On The Wall" på Ebay etter å ha sett den på bloggen Neglelakkmani. Den er plommefarga, men er såkalla "duochrome", og går over til lilla, brunraudt og grønt avhengig av lyset.
A beauty or what? :D