10/31/13

Graskarkake og rista graskarfrø

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg har eg i år gjort nytte av innmaten i graskaret
etter at eg laga graskar-lykt. 

Etter å ha skrapa ut så mykje som mogleg av graskaret separerte eg frøa for seg.
Kjøt og "trådar" kokte eg møre i nokre minuttar,
før eg laga det om til graskarpuré ved å mosa det i foodprocessoren.


Eg fann ei engelsk oppskrift på "Honey Pumpkin Cake", og omsette den omtrentleg til norsk. Kaka smakte krydderkake med eit hint av graskar, og var veldig saftig. Her er linken til den engelske oppskrifta, og her er mine noko rare mål:

4,73 dl mjøl
2 ts bakepulver
2 ts kanel
1/4 ts salt
3 dl honning
2,365 dl smør
4, 73 dl graskarpuré
1 ts vaniljeekstrakt
4 egg

Forvarm ovnen til 175 grader. Bland honning, smør og graskarpure. Ha i det tørre, og bland til slutt inn eitt og eitt egg. Ha røra i ei smurd form, eg brukte rundt. Steik i rundt 30-35 min på 175 grader. Test om kaka er ferdig ved å stikka i den med ein tannpirkar eller ein trepinne, den skal vera tørr når du tar den ut igjen. Det er nok godt med glasur på kaka, men eg synest den var god utan og.
Den er best nysteikt :)




Graskarfrøa skylte eg godt i vatn, tørka dei med tørkepapir, og vendte dei i litt olje. Så spreidde eg dei utover eit steikebrett, krydra dei godt, og steikte dei på 135 grader i rundt ein time til dei var sprø og gylne. Eg rørte også litt i dei undervegs for å få dei jamt steikte.
Nam, kjempegod og sunn snacks! :D




12 Halloween-kostyme i siste liten


Tenkte å visa dykk nokre "siste liten" kostymeidear for deg som skal på Halloweenfest eller skal gå "knask eller knep" med ungane. Desse er enkle å laga og krever ikkje så mykje utstyr.

Manet:


"Shoppingbag":

Tjuvar:

"Crazy Cat Lady":

Drueklase:

Kort/kortstokk:

Mikke og Minnie Mus:

Flogesopp:

Sau:

Blekksprut:


Peter Pan og Tingeling:

Rødhette:

10/30/13

Halloween-førebuing

Eg er av dei som er stor fan av dei fleste "amerikanske" tradisjonar, spesielt Halloween. Dette med kjøpepress treng ikkje høyra med, det er opp til kvar og ein kva dei vil gjera utav det. Dessutan trur eg det er vanskeleg å unngå innføring av nye tradisjonar så fleirkulturelt som samfunnet vårt er blitt. Vi har ikkje SÅ mange kjekke norske tradisjonar å skryta av, eg meiner vi har rom for fleire ;) 

UANSETT, eg har laga graskarlykt! Det er moro, og så er den så dekorativ! Gler meg til å setja den ut på trappa slik at ungane som går knask og knep ser den lang veg ;)

Du finn mange videoar på nett som viser korleis du lagar lykt viss ikkje du har gjort det før. I år har eg også gjort nytte at innmaten til graskaret, og blant anna laga kake!
(Lagar eit eige innlegg om det seinare).

Feirar du Halloween? Kva synest du om lykta mi?

I love Halloween! Do you like my pumpkin lantern? Do you celebrate Halloween where you're from?







10/21/13

Prosjekt til mørke kveldar

No har eg endeleg fått utført ein ide eg har tenkt på lenge, nemleg å laga min eigen dekor på kubbelys. Eg synest dei blei svært så fine ;) Eg printa ut bilde av fjør frå nettet og klypte dei ut. Så la eg ei og ei papirfjør på kubbelyset, varma ei skei på undersida ved hjelp av eit tent lys, og knekte den runde oversida av skeia inntil papiret (ver litt forsiktig så du ikkje får sot på lyset eller papiret). Med litt kneking fekk eg papiret til å hengja på stearinen, men teknikken fungerer nok berre om papiret er tynt nok. Dette er jo ein fin gåveidé, kanskje som julegåver?
Tippar det blir fint med familiebilde til dømes :)
Har du prøvd denne teknikken før?




I dag fekk eg og Scrabble-brikkene eg bestilte frå Ebay i posten. Dei skal bli til kjøleskapsmagnetar, bilde og kort. Viser dei når dei er ferdig!


10/11/13

Vakre Hardangervidda ♥

No sit eg i godstolen framfor tv-en, nydusja og i pysjen. Eg og kjærasten er tilbake frå tre herlege dagar på tur! Tenkte å dela nokre bilde frå turen, og kort fortelja kva vi gjorde :)

Onsdag køyrte vi frå Husnes rundt klokka 08, gjennom Odda, Ullensvang og så vidare til Eidfjord. Frå Øvre Eidfjord kan du køyra opp til Hardangervidda, og planen vår var å gå frå Tinnhølen denne dagen. Men dessverre var vêret dårleg, skodda låg ganske tjukk, derfor valde vi å heller ta inn på ei hytte på Garen, eitt av hyttetuna i nærleiken. Resten av ettermiddagen gjekk vi tur, handla verdas beste skillingsbollar på nærbutikken og såg tv. Dagen etter (torsdag) stod vi opp tidleg, åt frukost og vaska ut av hytta. Sola strålte, og vi kunne starta turen frå Tinnhølen etter å ha køyrt eit godt stykke inn på grusvegen til hytta Trondsbu. Det hadde lagt seg eit tynt lag med snø, og det bles sur vind, men landskapet var fantastisk. Vi fann greitt fram til målet, som var hytta Sandhaug, men einskilde steinar med raud T på var dekt av snø. Heldigvis er kjærasten god med kart og kompass! Eg er ikkje vand med å gå med oppakning, så mot slutten syntest eg det var tungt. Då var det ekstra godt å koma fram til hytta etter rundt fire timar! Vi fyrte godt, laga oss mat og kosa oss utover kvelden. Det (nesten) kjekkaste med heile dette opphaldet, var då det blei mørkt utandørs og vi fann ut at kameraet mitt klarar å ta bilde av stjernehimmelen! Midt på vidda, utan noko form for lysstøy, var stjernehimmelen verkeleg spektakulær, og sjølv om det ikkje kan måla seg med verkelegheita, er det artig å fanga eit slags inntrykk av korleis det var! I dag (fredag) stod vi også opp i halv åtte-tida, og fekk med oss den vakre soloppgangen. Frukosten var digg - pannekaker og bacon, og så pakka vi oss ut og starta på turen tilbake. Veret var mykje betre i dag, sola skein og det var omtrent vindstille, så det blei ein nydeleg tur. Men på slutten var vi utruleg stive i kroppen og hadde gnagsår og blemmer her og der, så siste etappen verka ekstra lang. Det var godt å få setja seg i bilen og køyra heim!
Denne turen, frå Tinnhølen til Sandhaug, vil eg seia passar for dei aller fleste, fordi terrenget er såpass flatt. Eg er langt frå noko "fjellgeit", og eg synest det var heilt topp!

Og her, nokre bilde frå den fine turen vår:




Above you see some pictures from our great hiking trip on Hardangervidda! Hope you like them :) Norway is beautiful, or what? Please ask if you have any questions!