12/10/13

Knask til kaffien: Biscotti



Biscotti er tørre italienske kjeks som passar ypparleg til å dyppa i kaffien.
Eg har funne ei veldig enkel oppskrift, og då går det kjapt å laga dei.
Desse er fine å gi vekk i gåve også!

Du treng:
200 g mandlar, snitta eller grovt hakka
3 eggeplommer
250 g sukker
3 ss vaniljesukker
3 eggekviter
1 klype salt
finrive skal av 1- 1 1/2 sitron
400 g kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver

Rist mandlar forsiktig i ei steikepanne. Finn fram ein vid bolle og rør saman eggeplommer, sukker og vaniljesukker med ein handmiksar til den blir krema. Visp eggekvitene stive med ei klype salt. Vend forsiktig eggekvitene inn i eggekremen, litt og litt om gongen. Tilsett mandlar og rive sitronskal, og rør så forsiktig inn sikta kveitemjøl og bakepulver. Du skal no ha ein ganske fast deig.
Del deigen i tre emne som du ruller til tjukke pølser som nesten er like lang som steikebrettet ditt er breitt. Legg pølsene på eit bakepapirkledd steikebrett. Form emna slik at dei blir ca 2 cm høge og 6 cm breie.  Steik biscottipølsene ved ca 175 grader i ca 30-35 minutt, eller til dei er passe steikt. Ta dei umiddelbart på eit skjerebrett og skjer ca 1 1/2-2 cm breie skiver, på skrå.
La biscottiane avkjølast på ei rist.

Vel bekomme!



No comments:

Post a Comment