3/3/14

Interiørnytt

Sidan dei tre siste innlegga handla om mat prøver eg her
å gjera opp for det med eit interiørinlegg! ;)
Det har snike seg inn nokre nye element i stova,
som eg tenkte å visa dykk. 

Eg fann ei enkel trehylle i huset til mamma, som eg fekk.
Etter to strøk med matt, svart maling blei den litt meir interessant,
synest du ikkje? Ein treng ikkje alltid kjøpa nytt og dyrt.
Eg synest den gjorde seg på veggen i stova.
"Gullhunden" er ein porselensfigur eg har spraylakka,
bokstavkoppane er frå Design Letters - Arne Jacobsen,
og gullkrukka frå H&M Home.





Elles har H&M Home fått inn ein del pynteting i gull og bronse, som eg sjølvsagt måtte ha ;) Ei blomepotte og matchande telyshaldar, og eit gullfat.






No comments:

Post a Comment