3/24/14

Kalorifattige favorittar Del 1

Sidan i haust har eg gått gjennom ei aldri så lita livsstilsendring.
Eg har gått ned i vekt og fått betre treningsvanar.
I denne prosessen saumfarte eg nettet for å finna
oppskrifter på mat som var sunn og kalorifattig.
Eg tenkte derfor å visa dykk mine favorittar
når det kjem til kalorifattige alternativ til måltid
som kan passa til frukost, lunsj, kvelds og som mellomåltid.

Knekkebrød med cottage cheese og strandaskinke
4 Rugsprø Havre (163 kcal)
4 ss Mager Cottage Cheese (47 kcal)
4 skiver Strandaskinke (67 kcal)
TOTALT: 277 kcal




1 porsjon = Tre pannekaker
TOTALT: 293 kcal




Frukost i krukke
1 dl havregryn (128 kcal)
1 dl Styrk melk (39 kcal)
1 beger Dobbel 0% Vaniljeyoghurt (58 kcal)
20 g/4 ss frosne skogsbær (9 kcal)
Bland alt i eit syltetøyglas, legg skogsbæra på toppen før du
skrur på loket og set det i kjøleskapet natta over.
Frukost-to-go! (Idé og bilde lånt frå Bakekona)
TOTALT: 233 kcal 




Havregraut med eplesyltetøy
Kok opp
2 dl havregryn (256 kcal)
5 dl vatn
Ha på
3 ss Lerum Eple/Pære-syltetøy
utan tilsett sukker (29 kcal)
og
kanel på toppen
TOTALT: 285 kcal



Omelett
2 egg (156 kcal)
piska med 0,5 dl vatn
Ha i
1 tomat, i skiver (10 kcal)
2 skiver kokt skinke, strimla (27 kcal)
5 skiver purreløk (6 kcal)
Steik i panna med 1 ss olje (119 kcal)
TOTALT: 318 kcal



Mellommåltid
Eple (59 kcal)
Q Skyr Melonmani (137 kcal per beger)
Skyr Skogsbærkick med müsli (184 per beger)
Yoplait Dobbel 0 % Mango/fersken/pasjonsfrukt (53 kcal per beger)


Håpar du fann nokre gode tips her! Seinare tenkte eg å legga ut
kalorifattige middagsforslag :)
Er det noko du vil eg skal skriva meir om tar eg gjerne
imot tips i kommentarfeltet!