5/4/14

Konfirmasjon

Gårsdagen blei ein fantastisk dag for konfirmanten sjølv, veslebror Brede,
og heile familien og venene rundt han.
Dette innlegget er mitt bidrag i maiutfordringa til Norske Interiørblogger,
kalla "Festlige tider"

Tema for konfirmasjonsfesten var a la Casino Royale (James Bond-filmen).
Vi hadde svarte dukar og raude løparar på borda, og bordkorta var
spelekort med bilde av gjestene på. Rundt omkring låg sjetongar og kort
som pynt, og i tillegg hadde vi speil med raude lys og kvite roser på
som ulike oppsatsar/midtpunkt på borda. Koldtbordet laga vi sjølve
i tillegg til at vener av familien bidrog med nokre rettar. Mykje god mat!
Ved inngangsdøra hadde vi lagt raud løpar og pynta med ballongar
i svart, raudt og kvitt. Vi hang også ein girlander av ballongar i stova.

Takk til alle gjestene og andre som var med på å gjera denne dagen
så flott og minnerik for både oss og konfirmanten!












No comments:

Post a Comment