6/26/14

New York-research

I sommar skal vi tilbake til New York, det var minstebror
sin konfirmasjonspresang frå oss. Vi var der jo i sommar for
første gong, men det var berre fire dagar, no skal vi vera der
i ti dagar. Eg er litt opptatt av å gjera god research og planlegga
i forkant. Ein del ting vi skal på må jo også bookast i god tid.

Førebels har vi bestilt helikoptertur over byen på kveldstid
etterfølgd av båttur til Fridomsgudinna, baseballkamp
(Yankees vs Texas Rangers) og magishowet til Steve Cohen.





Det er sikkert fleire enn meg som planlegg å reisa til denne
fantastiske byen, derfor tenkte eg å lagra ei lita oversikt
over til dømes blogginnlegg og nettsider eg finn som er relevante.
Har du tips til fleire bloggar/nettsider/innlegg?
Tips meg i kommentarfeltet!

Her er ei førebels samling:

15 ting man må gjør i New York (Randombloggen)

Stader å eta (Klikk-artikkel)

No comments:

Post a Comment