8/13/14

Matanbefalingar i NYC del 1

Med så mange bra restaurantar som det finst
i New York er det ikkje nødvendig å eta dårleg mat
medan du er der! Mitt tips: Dropp Hard Rock Café på
Times Square eller TGI Fridays ;)
Matopplevingar var ein stor del av
turen vår, og eg reserverte bord på førehand gjennom
OpenTable.com. I eit tidlegare innlegg lista eg opp
alle restaurantane vi skulle på, men eg vil igjen skriva
litt om dei eg synest var best.

Vår store favoritt er blitt Spotted Pig, der åt vi to
gonger i løpet av turen. Denne rare,
men sjarmerande vesle restauranten ligg i West Village,
og du kan ikkje reservera bord. Der må du berre møta opp
i døra, skriva deg på ei liste, og VENTA. Kanskje
opp mot to timar. Det er nemleg ein veldig populær plass,
og det er størst trøkk i helgane og mellom
klokka 18 og 22 på kvelden. Men hamburgeren
her, med roquefort-ost (blåmugg) og tynne
timian-krydra "shoe string fries" er berre til å DIE for!
Eg får vatn i munnen av å tenka på den..
Dei har sjølvsagt mykje anna snadder også,
men eg har bestilt burgeren alle 
tre gongene eg har vore der. SÅ god er den ;)


Dessverre eit dårleg bilde, men berre for å visa korleis det ser ut
utanfor restauranten. Ved døra heng ein gris, og utanfor står
frodige potteplanter akkompagnert av julelys.


Kanskje ikkje for alle sin smak å ha den så lite steikt, men er du verkeleg
glad i biff og burger eller kjøt generelt, så veit du at smakane
kjem ekstra godt fram om du veljer å ha det litt rått. Eg plar seia "medium rare".

Spotted Pig
314 W 11th St
Mellom Hudson St og Greenwich St i West Village

-------------------

Første kvelden då vi nett var komne til byen
gjekk vi på TAO Uptown. Denne asiatiske
"fusion"-restauranten er utruleg stilig innreia,
med ein gigantisk Buddha-statue
midt i den store etesalen. Stemninga var kul
og pulserande og maten var veldig god!



Eg kan definitivt anbefala det eg hadde;
Crispy Orange Chicken. Deilig.


TAO Uptown
42 E 58th St
Mellom Madison Ave og Park Ave i Midtown East

-------------------

Ein annan god restaurant er Betony, med moderne,
amerikansk meny i gourmet-klassen. Litt stive
prisar, men DIGG mat! Lekkert lokale, fantastisk
service. Vi følte oss som kongelege!



Betony
41 W 57th St
Mellom Avenue Of The Americas og 5th Ave i Midtown West

---------------------

Amerikanske diner'ar kan vera utruleg kule og
ikoniske, og på Empire Diner er maten i tillegg
kjempegod! Utruleg stilig metallisk interiør og
mange kule detaljar.
 






Empire Diner
210 10th Ave
Mellom 22nd St og 23rd St i Chelsea


No comments:

Post a Comment