9/24/14

Reisebrev frå Dublin del 1

Eg og kjærasten var ein tur til Dublin den første
veka i august, og eg forelska meg heilt i den byen!
Koseleg, fargerik og historisk på ein gong,
og sentrum er såpass lite og sentrert at eg
følte det var greitt å orientera seg der.
Sentrum er på ein måte delt av elva Liffey.

Vi budde midt i smørauga, i Temple Bar-disriktet.
Her var det mange kule, rare butikkar, restaurantar
og barar. Hotellet vårt, The Fleet Street Hotel,
var fint innreia og rimeleg, og dobbeltrommet
hadde grei storleik. Ved inngangen låg også
ein TGI Fridays-restaurant.







Som ekte turistar var vi sjølvsagt innom
Guinness-museet. Det var interessant nok,
men viss du som meg ikkje er spesielt begeistra
for dette mørke, kraftige ølet, ville eg kanskje
droppa det. Kjekt å ha sett det, spesielt baren i
toppetasjen med panorama-utsikt over heile byen, men
langt frå noko "must".








Vi tok også turistbuss, og sjekka ut to vakre katedralar,
St Patriks og Christ Church-katedralen. I sistnemnte
er tv-serien The Tudors spelt inn.





Dublin har mange gode restaurantar, og her er
nokre eg vil anbefala:

Bach 16
Ligg rett ved elva Liffey, på nordsida. Veldig koseleg
plass, og nydeleg oste- og skinketallerken! Perfekt
for lunsj eller mellommåltid.






The Church
Denne restauranten er rett og slett ei kyrkje/
katedral gjort om til restaurant! Knallstilig!
Maten er noko dyr, men veldig god.
Restauranten ligg ved Jervis Street, i nærleiken
av kjøpesenteret der.
 







The Bakehouse
Fin plass å eta frukost eller lunsj. Berre
fasaden på kafeen er jo nok til å freista! :D



Elephant & Castle
I Temple Bar. TIDENES beste kyllingvinger
og fantastisk burger! Nam..




I del 2 av reisebrevet skal eg blant anna fortelja
om ei utruleg koseleg "utflukt" til havnelandsbyen Malahide!

No comments:

Post a Comment