1/25/15

Helgebakst: Grytebrød og sitronkake

Av og til får eg bakeånda over meg, og
laurdag prøvde eg meg på noko nytt.
Eg fekk ei keramisk gryte til jul, og ville derfor
prøva eltefritt grytebrød. Det er superenkelt!
Eg rørte ingrediensane samen klokka ti fredag
kveld, og laurdag rundt klokka tolv steikte eg
brødet. Eg burde kanskje latt det heva enda meir,
det blei litt kompakt, men nysteikt brød er jo digg
uansett, og har du tid er det ingenting som er enklare :)
Eg følgde denne oppskrifta.




Etterpå bakte eg sitronkake. Den er ganske
enkel å laga, er saftig på grunn av "glazen",
og har skikkeleg god sitronsmak!
Eg brukte oppskrifta til Ida Gran-Jensen bak
bloggen "Cake please".


 



Anbefaler denne altså! :)
Ha ein fin søndag <3

1/17/15

Top it off with a hat

Usikker på om eg kler hatt så godt,
men denne frå H&M synest eg var så kul at eg kjøpte den!
Fordelen med hatt er at eg ikkje blir våt i håret ;)
Skinnjakken er eg blitt veldig glad i, den kjøpte eg på
River Island i Dublin i sommar.