7/17/15

That striped dress

Denne kjolen kjøpte eg første gongen
eg var i New York, men eg syntest den fortente
å bli med ut på vift i Cannes også.







Fyrstedømmet Monaco

Sidan vi var så nær fyrstedømmet Monaco
då vi var i Cannes tok vi ein føremiddagstur
dit med tog. Det tok ein liten time frå Nice,
viss ikkje eg hugsar heilt feil. Og dette
landet, som er verdas nest minste, var
utruleg fascinerande! Det er litt vanskeleg
å beskriva, men alt her var så forseggjort og
vakkert. Spesielt bygga og fasadane. Og heile
tida høyrte vi motordrønn frå lekre sportsbilar
som suste forbi oss. Sidan 1929 har billøpet
Monaco Grand Prix blitt arrangert her.
Vi hoppa på ein turistbuss
for ein guida tur rundt området, og det var fort
gjort, hehe! Landet er ikkje meir enn to
kvadratkilometer stort.
Her er eit lite bildedryss frå Monaco:












7/15/15

Badedag i Nice


Det fine med den franske rivieraen er at byane
ligg langs kysten som perler på ei snor. Det betyr
at det meste berre er ein togtur unna. Ein av dei
seks dagane vi var på tur tok vi toget til Nice,
og låg ved stranda. Det spesielle med stranda
der er at den ikkje er av sand, men runde steinar!
Sjøen i Middelhavet er så utruleg klar og turkisblå,
at det ikkje er vanskeleg å forstå namnet Côte d'Azur
- den azurblå kysten.






Langs stranda ligg det små anlegg med
solsenger og restaurantar. Det er ganske dyrt
å kjøpa seg ei seng her, opp mot eit par hundre kroner,
men då har du samtidig tilgang til toalett/omkledningsrom
og forfriskingar, og ein parasoll viss sola skulle bli for sterk.
Det var ganske digg med kelnarar
som kom og serverte oss det vi ville ha,
det var skikkeleg luksusliv. Og då vi skulle ha lunsj
var det berre til å bestilla den ved solsenga
eller setja seg bak i restauranten for ein pause frå sola.





Nokon må jobba for at andre skal kunna nyta!

Spontantur til den franske rivieraen

Som tittelen seier blei denne turen
bestilt to dagar før vi sat på flyet.
Eg og sambuaren fann ei pakkereise
på reisefeber.no til ein overkommeleg pris,
og bestemte oss for å hoppa i det.
Det er eg SÅ glad vi gjorde!

Vi budde litt utanfor Cannes,
som jo er mest kjent for den
årlege, internasjonale og kjendisspekka
filmfestivalen, og dette må vera ein av dei
vakraste byane eg har vore i. Her oste det
av luksus og glamour! 

I hamna og utanfor stranda låg
gigantiske luksusyachtar.




Her har eg stranda og promenaden
Le Croisette bak meg, der palmar og
designbutikkar låg på rekkje og rad.




Typisk fransk frukost: Baguette og croissant
med smør og marmelade, appelsinjuice og kaffi.


Det var fleire veldig koselege smug og
mindre handlegater bak La Croisette,
med sjarmerande butikkar.





Pause-snacks: Giga-makaron, sjokolade og kaffi:


Vi tok også turen opp dei små, snirklete
og vakre gatene til kyrkja Notre-Dame l'Espérance 
som ligg på ein liten ås, med utsikt over heile Cannes sentrum.
Heilt nydeleg!







Sjekk ut det utruleg koselege politihuset
i Cannes La Bocca:


Og at franskmenn- og kvinner går med
baguettar under armane er faktisk ikkje
berre på film, vi såg det fleire gonger!
Derfor måtte jo eg også prøva (knis):

Neste innlegg blir om Nice, ein halvtimes
togtur unna Cannes.