3/28/17

Pink hair - don't care


Kanskje var det kvartlivskrisa no når eg nærma meg 30, kanskje var eg lei av å berre vera blondine? Uansett fekk eg akutt lyst til å testa nye L'Oréal Paris Colorista Washout med ein gong eg såg reklame for den. Eg syntest det var forlokkande at fargen berre varte i 1-2 veker, og har lenge hatt lyst til å prøva sukkerspinn-rosa hår. For litt over ei veke sidan kjøpte eg to pakkar på Vita, og lét det stå til. Eg tenkte eg sikkert måtte ha to pakkar for å dekka det lange håret mitt, og fekk rett. Det rakk akkurat. Eg følgde berre bruksanvisningane på pakken, og fekk hjelp av sambuaren til å ha fargen i.

Slik såg eg ut før:


Og slik såg eg ut etter dusj og hårtørk:


Eg syntest fargen var veldig knæsj med éin gong, men trøysta meg med at det ville falma for kvar dusj. Det gjorde det også. Det var ikkje heilt lett å få det jamt i heile håret, men det blei ikkje så ille som eg frykta. Slik såg det ut etter litt styling og endå ein dusj:


Etter dusj/hårvask nummer fire-fem hadde fargen falma mykje, og nærma seg den bleikrosa fargen eg opprinneleg ønskte meg:


Og slik var fargen etter éi veke, på bursdagen min:


Alt i alt var Colorista Washout slik eg håpte,
og det var moro å ha rosa hår i éi til to veker!
Ver berre obs på at fargen er ganske sterk dei første dagane.
Kanskje kan ein skylja den ut før dei 15-20 minuttane
med virketid er gått, for å få svakare farge?
Eg hadde den nok i håret i nærmare 20 minutt.
Eg ser for meg denne looken kan vera veldig moro
til festivalar i sommar. Kanskje skal eg prøva ein annan farge då?
Colorista Washout finst i ni ulike fargar, og eg prøvde #pinkhair.
Det finst også 1 dags-spray og permanent farge i serien,
og ein shampo du kan bruka for å bli kvitt fargen raskare.
Til 99,- kroner synest eg dette var heilt topp for min del.
Eg trur nok Colorista Washout fungerer best på lyst hår.
På L'Oréal sine nettsider kan du lesa meir om produkta.

I recently tried L'Oréal Paris Colorista Washout
in the color #pinkhair, and I loved it!
The color was pretty bright/strong in the beginning,
but faded after a few washes, as promised.

3/5/17

3 x 30-årsfest med Great Gatsby tema



I går feira eg, søskenbarnet mitt Marius og kjærasten hans/venninna mi Anne Mari 30-årsdagane våre på forskot. Tema var The Great Gatsby. Og det blei kjempesuksess! Takka vere dyktige Silje Tofte (@lindevegen på Instagram) blei lokalet knallbra, og nærmare 60 festpynta gjester bidrog til å gjera festen fantastisk. Takk til alle som bidrog, og for alle flotte gåver. Dette var STAS! 
Ei som skal ha ekstra stor takk er mamma, som stilte opp på søndagen, var sjåfør, ryddehjelp og laga nydeleg biffsnadder til ein hangover gjeng. Du, Gry Hege, er fantastisk!

This weekend I celebrated my 30th birthday in advance together with two good friends, and the theme was "The Great Gatsby". Glitter and glam mixed with bubbles and a lot of good friends made the evening perfect!