3/28/17

Pink hair - don't care


Kanskje var det kvartlivskrisa no når eg nærma meg 30, kanskje var eg lei av å berre vera blondine? Uansett fekk eg akutt lyst til å testa nye L'Oréal Paris Colorista Washout med ein gong eg såg reklame for den. Eg syntest det var forlokkande at fargen berre varte i 1-2 veker, og har lenge hatt lyst til å prøva sukkerspinn-rosa hår. For litt over ei veke sidan kjøpte eg to pakkar på Vita, og lét det stå til. Eg tenkte eg sikkert måtte ha to pakkar for å dekka det lange håret mitt, og fekk rett. Det rakk akkurat. Eg følgde berre bruksanvisningane på pakken, og fekk hjelp av sambuaren til å ha fargen i.

Slik såg eg ut før:


Og slik såg eg ut etter dusj og hårtørk:


Eg syntest fargen var veldig knæsj med éin gong, men trøysta meg med at det ville falma for kvar dusj. Det gjorde det også. Det var ikkje heilt lett å få det jamt i heile håret, men det blei ikkje så ille som eg frykta. Slik såg det ut etter litt styling og endå ein dusj:


Etter dusj/hårvask nummer fire-fem hadde fargen falma mykje, og nærma seg den bleikrosa fargen eg opprinneleg ønskte meg:


Og slik var fargen etter éi veke, på bursdagen min:


Alt i alt var Colorista Washout slik eg håpte, og det var moro å ha rosa hår i éi til to veker!
Ver berre obs på at fargen er ganske sterk dei første dagane. Kanskje kan ein skylja den ut før dei 15-20 minuttane med virketid er gått, for å få svakare farge? Eg hadde den nok i håret i nærmare 20 minutt.  Eg ser for meg denne lokken kan vera veldig moro til festivalar i sommar. Kanskje skal eg prøva ein annan farge då? Colorista Washout finst i ni ulike fargar, og eg prøvde #pinkhair. Det finst også 1 dags-spray og permanent farge i serien, og ein shampo du kan bruka for å bli kvitt fargen raskare. Til 99,- kroner synest eg dette var heilt topp for min del. Eg trur nok Colorista Washout fungerer best på lyst hår. På L'Oréal sine nettsider kan du lesa meir om produkta.

I recently tried L'Oréal Paris Colorista Washout in the color #pinkhair, and I loved it! The color was pretty bright/strong in the beginning, but faded after a few washes, as promised.